20.1.07

Lilla og turkis

Den første gongen var ho lilla, denne dagen er ho turkis frå bh-stroppene og ut. Svarte sokkar med kvite notar på har ho kvar gong. Det lange grå håret i hestehale. Alle sit i ring og syng på dyrelydar og spelar på tamburinar og dansar med flagrande sjal og ligg på teppe medan ho går rundt og spreier alvestøv i form av tonar frå eit klokkespel. Det er akkurat som på film. Kor mange år har ho halde på med dette? Entusiastisk og profesjonell, rutinert og roleg. Kronisk positiv og velvillig. Om att og om att dei same songane, nye folk kvart semester. Valet står mellom å sjå det openberre komiske i at eg sit her og syng di-di-didididi mens eg slår meg på låra, eller å bli med og leike saman med ungane. Men kven har eigentleg glede av at eg ironiserer over noko eg frivillig har meld meg på? Så eg blir med. Så klart! Det kunne trass alt vore eg som sat der i lysegrønt...

13.1.07

Litt ustø

I godt driv kjem han inn, finn eit einsleg sete, slengjer seg ned og kikar seg rundt. Han ser ikkje ut til å vere særleg rik, han har litt rare klede. Går dette toget til Kenmore, spør han, den næraste overhøyrer han, den neste nikkar og svarar såvidt. No drikk han frå ei lita flaske - det er sikkert juice, men... Han sit litt uroleg og held rundt ein pose - og det er då eg blir litt glad i han; eg ser kva han har i posen: Han har kjøpt granbarkrans til å henge på ytterdøra! Ein slik krans eg sjølv vil kjøpe til jul.

Fjorten år

Han sit på handikapplassen lengst framme i vogna. Det kjem nokre lyse lydar frå han, er han ikkje heilt normal? Briller, raud dressjakke, kvit skjorte og svart bukse - det ser ut som han går på ein engelsk kostskule. Det er noko kjend med den lua og det skjerfet i gult og raudt - sikkert det som høyrer til skulen hans, er det ein kjend skule, tru? Kva står det på? Gryffindor... Han les sjølvsagt Harry Potter. Han ser litt ut som Harry sjølv. Så høyrer eg kva lydane er. Det er då eg blir litt glad i han. Han syng! Det er nok ei koruniform han har på seg. Heilt oppslukt i noten sin sit han og syng - øver til konserten i dag, kanskje? Han ser litt nerdete ut, og heilt totalt sjarmerande for ein musikklærar med hang til korsong... Folk går inn i vogna og forbi. Han syng. Sopran. Folk skal betale, mister ned småpengar, dreg inn barnevogner - han sit med nasen i noten. Tenk at han syng, åleine, mellom alle dei ukjende.

Husmor

Ho har det ein kallar "gode sko", permanentkrøllar og stor veske. Der tek ho opp eit papir og begynner å skrive - sikkert handleliste; mjølk og smør og egg, men også kalkun og stuffing og ting eg ikkje veit kva er, for å halde oppe tradisjonar eg ikkje veit om. Ho skriv og skriv, skal sikkert kjøpe inn mat til heile familien heile ferien - alle kjem heim i år. Eller er det alt ho skal hugse før jul ho skriv ned? Vaske tak og gardiner, bake kaker og stryke dukar. Skikkeleg husmor, det der. Ho planleggjer nok meir enn det resten av familien synest er nødvendig. Der er ho ferdig - og det er då eg blir litt glad i henne. Ho er ein annan enn eg trudde, ho skal kanskje ikkje feire jul i det heile, men kanskje jødisk Channukah? No tek ho nemleg opp fleire ark som ho brettar ut, ho har markert mange setningar med gul markørtusj - på hebraisk. Kva var det ho eigentleg skreiv? Kva les ho no? Plutseleg er ho ikkje husmor lenger. Skal ho til synagogen, eller er ho forelesar på eit hebraiskkurs?