20.6.07

Naboen

Over oppvaskbenken er det eit vindauge. Frå det vindauget ser ein godt over til ein bakgard. To reidskapsbuer utforma som amerikanske raude løer står nærast gjerdet. Det er det første ein legg merke til. Men om ein står og vaskar opp av og til, vil ein kunne oppdage meir.

Langt utover hausten stod naboen ute og grilla om kveldane på den store gassgrillen sin før han omhyggeleg pakka han innatt i plasthylsteret sitt og tok med seg maten sin inn.
Så forsvann alle spor av haust med riva.

Den vesle vinteren vi hadde her, fekk naboen effektivt vekk med den einaste snøfresen som vart observert i bruk den sesongen.

Så vart det vår.
Ein dag fann naboen fram mosefjernaren.
Neste dag var det såing.
Så var det vatning.
Så var det stadige inspeksjonar; gror det?
Og meir vatning.
Og graset grodde, plena vart fin.
Grillen kom så smått i bruk att.

Sommaren kom.
Ein dag stod det plutseleg eit partytelt der,
og det har stått der sidan.
Bord og fire stolar med mjuke, blomstrete puter.
Forventningane steig; skal han ha fest?
Nei.
Dei einaste som har site i dei stolane, er arbeidskarane.
Dei naboen fekk tak i for å lage ei finare trapp,
lik den andre han har.
Gelender med utskjeringar på.
Dei trengte vel ein pause, karane,
naboen overvåka heile arbeidsprosessen.
Etter at dei hadde pakka saman, vaska han heile plassen.
Med kost og såpevatn.
Så sperra han av området med målingsspann til det var tørt.
Asfalten ser heilt ny og ubrukt ut igjen no.

14. juni er det amerikanske flagget sin dag.
Den dagen sette naboen ei flaggstong i plena.
Flagget kom opp, og har hengt der sidan.
Han var den einaste her som markerte den dagen.
Naboen smilte nokre dagar etter, då han såg flagget
på den daglege runden for å sjå korleis det stod til i bakgarden.


Det skjer noko kvar dag, men det hender aldri noko.