26.3.07

Tuting og teikn

Med eit stort skilt i handa står han ved fotgjengarfeltet i krysset saman med fire-fem andre med liknande skilt. Det er fireårsmarkering for USAs invasjon i Irak. Slagorda er Gandhi-inspirerte og fredssymbolet er teikna på plakatane. Der står han og smiler med ein bart det ser ut til at han har hatt dei siste førti åra og seier "How are you?" når eg går forbi - men eg kjenner på meg at eg ikkje er klar for å diskutere USAs Irakpolitikk sjølv om dette skal vere ein dialogbasert aksjon eller noko slikt. Men det som set meg i godt humør, er all tutinga! Sjåførane som køyrer gjennom krysset tutar, vinkar, smiler, held opp tommelen - og han, den meir rutinerte aksjonisten, svarar med å vise fredsteiknet. Ein slags dialog vart det altså på han.

26.2.07

Ein vakker klisjé

Ho har alt for tjukke, alt for store briller. Ho har ein veldig mage og ein enorm bakende. Ho har collegegenser og joggesko. Ho har sikkert ungar som er like gamle som eg. Ho har absolutt gehør og er ei gåve til koret vårt! Ho har den neste starttonen klar til oss same kor langt unna vi var sekundet før. Ho har tankar om det musikalske og det praktiske lenge før oss andre. Ho har ein tendens til å leggje seg borti dirigenten sine val. Ho har kunnskapar og erfaringar eg misunner henne. Ho har vist meg endå ein gong at alle har noko vakkert og viktig ved seg.

9.2.07

Lifestyle coach

No har eg møtt ein i levande live - ein lifestyle coach som har skrive bok du kan få kjøpt på Amazon, om slanking og treningsformer og kosthald - og eg tenkte; tullar du? Her sat eg halvvegs i ein tre rettars middag heime hos det eg trudde var eit vanleg ungt amerikansk ektepar (veldig god mat denne slankeguruen hadde, forresten!) og så var eg heime hos ein livsstilsrettleiar eller kva ein no skal oversette det med. Eg hadde tippa røyrleggjar eller ingeniør. Ganske rart å merke korleis hjernen arbeider med å omsortere alle inntrykk eg har fått av han til å stemme med at han arbeider med folk som har "fått ein skade og treng opptrening eller rett og slett berre er blitt for feite" (for å sitere han sjølv), og at han ikkje driv med dataprogrammering...

20.1.07

Lilla og turkis

Den første gongen var ho lilla, denne dagen er ho turkis frå bh-stroppene og ut. Svarte sokkar med kvite notar på har ho kvar gong. Det lange grå håret i hestehale. Alle sit i ring og syng på dyrelydar og spelar på tamburinar og dansar med flagrande sjal og ligg på teppe medan ho går rundt og spreier alvestøv i form av tonar frå eit klokkespel. Det er akkurat som på film. Kor mange år har ho halde på med dette? Entusiastisk og profesjonell, rutinert og roleg. Kronisk positiv og velvillig. Om att og om att dei same songane, nye folk kvart semester. Valet står mellom å sjå det openberre komiske i at eg sit her og syng di-di-didididi mens eg slår meg på låra, eller å bli med og leike saman med ungane. Men kven har eigentleg glede av at eg ironiserer over noko eg frivillig har meld meg på? Så eg blir med. Så klart! Det kunne trass alt vore eg som sat der i lysegrønt...

13.1.07

Litt ustø

I godt driv kjem han inn, finn eit einsleg sete, slengjer seg ned og kikar seg rundt. Han ser ikkje ut til å vere særleg rik, han har litt rare klede. Går dette toget til Kenmore, spør han, den næraste overhøyrer han, den neste nikkar og svarar såvidt. No drikk han frå ei lita flaske - det er sikkert juice, men... Han sit litt uroleg og held rundt ein pose - og det er då eg blir litt glad i han; eg ser kva han har i posen: Han har kjøpt granbarkrans til å henge på ytterdøra! Ein slik krans eg sjølv vil kjøpe til jul.

Fjorten år

Han sit på handikapplassen lengst framme i vogna. Det kjem nokre lyse lydar frå han, er han ikkje heilt normal? Briller, raud dressjakke, kvit skjorte og svart bukse - det ser ut som han går på ein engelsk kostskule. Det er noko kjend med den lua og det skjerfet i gult og raudt - sikkert det som høyrer til skulen hans, er det ein kjend skule, tru? Kva står det på? Gryffindor... Han les sjølvsagt Harry Potter. Han ser litt ut som Harry sjølv. Så høyrer eg kva lydane er. Det er då eg blir litt glad i han. Han syng! Det er nok ei koruniform han har på seg. Heilt oppslukt i noten sin sit han og syng - øver til konserten i dag, kanskje? Han ser litt nerdete ut, og heilt totalt sjarmerande for ein musikklærar med hang til korsong... Folk går inn i vogna og forbi. Han syng. Sopran. Folk skal betale, mister ned småpengar, dreg inn barnevogner - han sit med nasen i noten. Tenk at han syng, åleine, mellom alle dei ukjende.

Husmor

Ho har det ein kallar "gode sko", permanentkrøllar og stor veske. Der tek ho opp eit papir og begynner å skrive - sikkert handleliste; mjølk og smør og egg, men også kalkun og stuffing og ting eg ikkje veit kva er, for å halde oppe tradisjonar eg ikkje veit om. Ho skriv og skriv, skal sikkert kjøpe inn mat til heile familien heile ferien - alle kjem heim i år. Eller er det alt ho skal hugse før jul ho skriv ned? Vaske tak og gardiner, bake kaker og stryke dukar. Skikkeleg husmor, det der. Ho planleggjer nok meir enn det resten av familien synest er nødvendig. Der er ho ferdig - og det er då eg blir litt glad i henne. Ho er ein annan enn eg trudde, ho skal kanskje ikkje feire jul i det heile, men kanskje jødisk Channukah? No tek ho nemleg opp fleire ark som ho brettar ut, ho har markert mange setningar med gul markørtusj - på hebraisk. Kva var det ho eigentleg skreiv? Kva les ho no? Plutseleg er ho ikkje husmor lenger. Skal ho til synagogen, eller er ho forelesar på eit hebraiskkurs?