20.6.07

Naboen

Over oppvaskbenken er det eit vindauge. Frå det vindauget ser ein godt over til ein bakgard. To reidskapsbuer utforma som amerikanske raude løer står nærast gjerdet. Det er det første ein legg merke til. Men om ein står og vaskar opp av og til, vil ein kunne oppdage meir.

Langt utover hausten stod naboen ute og grilla om kveldane på den store gassgrillen sin før han omhyggeleg pakka han innatt i plasthylsteret sitt og tok med seg maten sin inn.
Så forsvann alle spor av haust med riva.

Den vesle vinteren vi hadde her, fekk naboen effektivt vekk med den einaste snøfresen som vart observert i bruk den sesongen.

Så vart det vår.
Ein dag fann naboen fram mosefjernaren.
Neste dag var det såing.
Så var det vatning.
Så var det stadige inspeksjonar; gror det?
Og meir vatning.
Og graset grodde, plena vart fin.
Grillen kom så smått i bruk att.

Sommaren kom.
Ein dag stod det plutseleg eit partytelt der,
og det har stått der sidan.
Bord og fire stolar med mjuke, blomstrete puter.
Forventningane steig; skal han ha fest?
Nei.
Dei einaste som har site i dei stolane, er arbeidskarane.
Dei naboen fekk tak i for å lage ei finare trapp,
lik den andre han har.
Gelender med utskjeringar på.
Dei trengte vel ein pause, karane,
naboen overvåka heile arbeidsprosessen.
Etter at dei hadde pakka saman, vaska han heile plassen.
Med kost og såpevatn.
Så sperra han av området med målingsspann til det var tørt.
Asfalten ser heilt ny og ubrukt ut igjen no.

14. juni er det amerikanske flagget sin dag.
Den dagen sette naboen ei flaggstong i plena.
Flagget kom opp, og har hengt der sidan.
Han var den einaste her som markerte den dagen.
Naboen smilte nokre dagar etter, då han såg flagget
på den daglege runden for å sjå korleis det stod til i bakgarden.


Det skjer noko kvar dag, men det hender aldri noko.

18.5.07

Frustrerte fruer

...ja og så er mor mi blitt psykotisk igjen, høyrer eg ei dame (i ein slik kjole som ser ut som han enten er kjøpt på Spar Kjøp eller i ein av Newton Centres ekslusive butikkar - sannsynlegvis det siste) seie til venninna si i det ho går forbi meg på gata.

På kaféen smuglyttar eg til samtalen mellom dei to elegante venninnene i slutten av trettiåra - eller rettare sagt monologen til den eine av dei; "...vi har tenkt på om vi skal selje huset eller berre leige det ut, men eg veit ikkje - det er ei stor avgjerd å ta..." "...og no snakkar han om å kjøpe seglbåt! Han veit ikkje noko om segling! Eg seier han må vere medlem i yachtklubben ei stund først, for å finne ut om det er noko for han..." "...men alle venninnene mine med barn verkar så slitne heile tida, alt dei gjer er å klage - veit du, det skremmer meg..."

På leikeplassen snakkar eg med ei mor som er jødisk-ortodoks. Ho ventar saman med veslejenta medan dei eldre tvillingane er i barnehagen - tre gonger i veka køyrer ho langt for at dei skal få gå i ein ortodoks barnehage. Samtalen endar der han ofte gjer, i samanlikningar mellom landa våre. "1750 dollar," sukkar ho. "Vi betaler 1750 dollar i månaden for helseforsikringar for oss og barna våre. Det er ei månadsløn, det! Det er heilt sprøtt!"

Livet i forstaden er altså ikkje berre lettvint sjølv om husa er store og bilane blanke. Eg visste det jo, men det er noko anna å høyre det med eigne nysgjerrige øyre...

22.4.07

Far og son

Du har sett han på film; sportsidioten som er misfornøgd med at sonen ikkje er like flink som han. Eg har sett han rett utanfor huset vårt. Seksåringen vil spele baseball, men guten skal lære seg å sykle, meiner far. Storesøster prøver å oppmuntre med at han berre må få opp farta, så greier han å balansere. Guten tek på seg hjelmen, set seg på sykkelen og syklar heilt stiv rundt. "Skal eg sleppe?" "Nei! Eg vil av!" "Likte du den t-skjorta du veit? Du får ho ikkje før du har lært å sykle." "Eg er berre veldig, veldig redd," svarar guten og skrik så tårene trillar. Far er sur og vil ha med begge på basketball, men han blir ståande der åleine med ballen - og til slutt blir den amerikanske familieidyllen gjenoppretta, far og son spelar baseball saman.

26.3.07

Tuting og teikn

Med eit stort skilt i handa står han ved fotgjengarfeltet i krysset saman med fire-fem andre med liknande skilt. Det er fireårsmarkering for USAs invasjon i Irak. Slagorda er Gandhi-inspirerte og fredssymbolet er teikna på plakatane. Der står han og smiler med ein bart det ser ut til at han har hatt dei siste førti åra og seier "How are you?" når eg går forbi - men eg kjenner på meg at eg ikkje er klar for å diskutere USAs Irakpolitikk sjølv om dette skal vere ein dialogbasert aksjon eller noko slikt. Men det som set meg i godt humør, er all tutinga! Sjåførane som køyrer gjennom krysset tutar, vinkar, smiler, held opp tommelen - og han, den meir rutinerte aksjonisten, svarar med å vise fredsteiknet. Ein slags dialog vart det altså på han.

26.2.07

Ein vakker klisjé

Ho har alt for tjukke, alt for store briller. Ho har ein veldig mage og ein enorm bakende. Ho har collegegenser og joggesko. Ho har sikkert ungar som er like gamle som eg. Ho har absolutt gehør og er ei gåve til koret vårt! Ho har den neste starttonen klar til oss same kor langt unna vi var sekundet før. Ho har tankar om det musikalske og det praktiske lenge før oss andre. Ho har ein tendens til å leggje seg borti dirigenten sine val. Ho har kunnskapar og erfaringar eg misunner henne. Ho har vist meg endå ein gong at alle har noko vakkert og viktig ved seg.

9.2.07

Lifestyle coach

No har eg møtt ein i levande live - ein lifestyle coach som har skrive bok du kan få kjøpt på Amazon, om slanking og treningsformer og kosthald - og eg tenkte; tullar du? Her sat eg halvvegs i ein tre rettars middag heime hos det eg trudde var eit vanleg ungt amerikansk ektepar (veldig god mat denne slankeguruen hadde, forresten!) og så var eg heime hos ein livsstilsrettleiar eller kva ein no skal oversette det med. Eg hadde tippa røyrleggjar eller ingeniør. Ganske rart å merke korleis hjernen arbeider med å omsortere alle inntrykk eg har fått av han til å stemme med at han arbeider med folk som har "fått ein skade og treng opptrening eller rett og slett berre er blitt for feite" (for å sitere han sjølv), og at han ikkje driv med dataprogrammering...

20.1.07

Lilla og turkis

Den første gongen var ho lilla, denne dagen er ho turkis frå bh-stroppene og ut. Svarte sokkar med kvite notar på har ho kvar gong. Det lange grå håret i hestehale. Alle sit i ring og syng på dyrelydar og spelar på tamburinar og dansar med flagrande sjal og ligg på teppe medan ho går rundt og spreier alvestøv i form av tonar frå eit klokkespel. Det er akkurat som på film. Kor mange år har ho halde på med dette? Entusiastisk og profesjonell, rutinert og roleg. Kronisk positiv og velvillig. Om att og om att dei same songane, nye folk kvart semester. Valet står mellom å sjå det openberre komiske i at eg sit her og syng di-di-didididi mens eg slår meg på låra, eller å bli med og leike saman med ungane. Men kven har eigentleg glede av at eg ironiserer over noko eg frivillig har meld meg på? Så eg blir med. Så klart! Det kunne trass alt vore eg som sat der i lysegrønt...

13.1.07

Litt ustø

I godt driv kjem han inn, finn eit einsleg sete, slengjer seg ned og kikar seg rundt. Han ser ikkje ut til å vere særleg rik, han har litt rare klede. Går dette toget til Kenmore, spør han, den næraste overhøyrer han, den neste nikkar og svarar såvidt. No drikk han frå ei lita flaske - det er sikkert juice, men... Han sit litt uroleg og held rundt ein pose - og det er då eg blir litt glad i han; eg ser kva han har i posen: Han har kjøpt granbarkrans til å henge på ytterdøra! Ein slik krans eg sjølv vil kjøpe til jul.

Fjorten år

Han sit på handikapplassen lengst framme i vogna. Det kjem nokre lyse lydar frå han, er han ikkje heilt normal? Briller, raud dressjakke, kvit skjorte og svart bukse - det ser ut som han går på ein engelsk kostskule. Det er noko kjend med den lua og det skjerfet i gult og raudt - sikkert det som høyrer til skulen hans, er det ein kjend skule, tru? Kva står det på? Gryffindor... Han les sjølvsagt Harry Potter. Han ser litt ut som Harry sjølv. Så høyrer eg kva lydane er. Det er då eg blir litt glad i han. Han syng! Det er nok ei koruniform han har på seg. Heilt oppslukt i noten sin sit han og syng - øver til konserten i dag, kanskje? Han ser litt nerdete ut, og heilt totalt sjarmerande for ein musikklærar med hang til korsong... Folk går inn i vogna og forbi. Han syng. Sopran. Folk skal betale, mister ned småpengar, dreg inn barnevogner - han sit med nasen i noten. Tenk at han syng, åleine, mellom alle dei ukjende.

Husmor

Ho har det ein kallar "gode sko", permanentkrøllar og stor veske. Der tek ho opp eit papir og begynner å skrive - sikkert handleliste; mjølk og smør og egg, men også kalkun og stuffing og ting eg ikkje veit kva er, for å halde oppe tradisjonar eg ikkje veit om. Ho skriv og skriv, skal sikkert kjøpe inn mat til heile familien heile ferien - alle kjem heim i år. Eller er det alt ho skal hugse før jul ho skriv ned? Vaske tak og gardiner, bake kaker og stryke dukar. Skikkeleg husmor, det der. Ho planleggjer nok meir enn det resten av familien synest er nødvendig. Der er ho ferdig - og det er då eg blir litt glad i henne. Ho er ein annan enn eg trudde, ho skal kanskje ikkje feire jul i det heile, men kanskje jødisk Channukah? No tek ho nemleg opp fleire ark som ho brettar ut, ho har markert mange setningar med gul markørtusj - på hebraisk. Kva var det ho eigentleg skreiv? Kva les ho no? Plutseleg er ho ikkje husmor lenger. Skal ho til synagogen, eller er ho forelesar på eit hebraiskkurs?